Representant

Trude Aamot

Medlem i formannskapet

Trude Aamot

Eg stiller til val for Arbeidarpartiet fordi eg er oppteken av at fellesskapstanken skal styra samfunnet vårt.  Me treng ein god barnehage og skule der barn frå ulike bakgrunnar lærer seg å vera saman og får dei same mogelegheitene til å læra og utvikla seg. Me treng å leggja til rette for eit variert og inkluderande idretts- og kulturliv.Me treng ei verdig eldreomsorg som ser den enkelte sine behov. Me treng ein miljø- og klimapolitikk som set framtida sine generasjonar sine levevilkår først. Me treng at næringsliv og politikk spelar på lag slik at me skapar gode og trygge arbeidsplassar.

Skal me få alle med, må me verdsetja og halda fast på fellesskapstanken.