Politikken

Gruppebilde

Kommuneprogram 2019-2023

Stord Arbeidarparti sine representantar har som sitt fremste mål å ivareta interessene og velferda til innbyggjarane i Stord kommune. Difor vil me arbeida for trygge arbeidsplassar, robuste fellesskapsløysingar som gir gode oppvekstvilkår og omsorgstenester, og eit spennande kulturliv.Klimaforverringa kan bli det største trugsmålet mot velferd og livskvalitet i framtida. I alle politiske avgjerder må difor omsynet til klima og ei miljømessig berekraftig utvikling av Stord-samfunnet leggjast til grunn.  Dei politiske prioriteringane våre vil byggja på dei sosialdemokratiske grunnverdiane fridom, likskap og solidaritet. Stord Arbeidarparti har gode røynsler med samarbeid med andre parti og er innstilt på å finna balanserte løysingar til beste for stordsamfunnet i samarbeid med andre.  Arbeid for alle er framleis jobb nummer éin. Stord har eit næringsliv med høg kompetanse som ofte opererer i ein internasjonal marknad. Arbeidarpartiet vil gjera Stord til ein attraktiv kommune med gode rammevilkår for næringslivet. Me vil få utarbeidd ein kommunal næringsplan og utvikla gode forum for samarbeid mellom kommune og næringsliv. Me vil vurdera å oppretta eit kommunalt eigedomsselskap som får i oppgåve å utvikla areal for bustad og næringsliv.  Stord Arbeidarparti vil at Stord skal vera eit inkluderande regionsenter som arbeider for ei positiv og balansert samfunnsutvikling i Sunnhordland. Me vil arbeida for at kommunane i regionen saman vert ein aktiv og drivande støttespelar og samarbeidspartnar for næringslivet, høgskulen, sjukehuset og andre offentlege institusjonar og tenesteytarar. Stord Arbeidarparti vil framleis ha ei positiv haldning til frivillig samanslåing av kommunar i ytre Sunnhordland.