Politikken

Stord Ap

Kommuneprogram 2023-2027

Stord Arbeidarparti sine representantar har som sitt fremste mål å ta i vare interessene og velferda til innbyggjarane i Stord kommune. Dei politiske prioriteringane våre vil byggja på dei sosialdemokratiske grunnverdiane fridom, likskap og solidaritet. Stord Arbeidarparti har gode røynsler med samarbeid med andre parti og er innstilt på å finna balanserte løysingar til beste for Stordsamfunnet i samarbeid med andre. 

Arbeid for alle er framleis jobb nummer éin. Arbeidarpartiet vil difor arbeida for eit seriøst og framtidsretta arbeids- og næringsliv med trygge arbeidsplassar. Me vil gjera vårt for å skapa gode rammevilkår for næringslivet på Stord og i regionen elles, og fremja ei utvikling mot grøne arbeidsplassar og grønproduksjon basert på dei solide industritradisjonane Stord har. 

Klimaforverringa kan bli eit av dei største trugsmåla mot velferd og livskvalitet i framtida. I alle politiske avgjerder må difor omsynet til klima, natur og ei miljømessig berekraftig utvikling av Stord-samfunnet leggjast til grunn. Stord Arbeidarparti vil ha eit langsiktig og berekraftig perspektiv på arealforvaltninga i kommunen. Det må skiljast tydeleg mellom sentrums-/utbyggingsområde og jordbruks-/naturområde. Jordbruksarealet skal ikkje reduserast. 

Gjennom arealforvaltninga vil Arbeidarpartiet slik prioritera å vidareutvikla trivelege sentrumsområde, bevara trivselsskapande kulturlandskap og gi innbyggjarane lett tilgjenge til friluftsområde. Det er eit mål at Stord skal vera eit aldersvenleg lokalsamfunn der alle skal kunna leva aktive liv. 

Arbeidarpartiet vil prioritera gode, felles offentlege helse- og omsorgstenester og vil leggja stor vekt på rehabilitering og førebyggjande helsearbeid. God helse og livskvalitet for alle er målet vårt. Ei verdig eldreomsorg vil framleis vera eit prioritert felt innan helse og omsorg i komande valperiode. Dei som treng det, skal sikrast sjukeheimsplassar, omsorgsbustader og hjelp heime. Difor er det eit hovudmål å byggja 64 nye sjukeheimsplassar i samsvar med vedteken rehabilitering, helse og omsorgsplan. 

Stord sjukehus med sine akuttfunksjonar gir tryggleik for innbyggjarane i kommunen og regionen elles. Lett tilgang til sjukehustenester har også mykje å seia for konkurranseevne og rekruttering til næringslivet på Stord. 

Ein god oppvekst varer heile livet. Difor vil Stord Arbeidarparti vektleggja tidleg innsats i barnehage og skule for å gi alle barn eit godt utgangspunkt for trivsel og læring. Innan oppvekst og utdanning vil Stord Arbeidarparti prioritera kvalitetsutvikling i skule og barnehage samt naudsynt vedlikehald og oppgradering av barnehagar og skular. Nye barnehagar skal eigast og driftast i kommunal regi. 

Dei frivillige organisasjonane representerer ulike grupper, interesser og perspektiv. Organisasjonane er difor viktige i det norske demokratiet og verdifulle for lokalsamfunnet gjennom det arbeidet dei gjer på mange ulike felt. Dei er også med på å utvikla fellesskapskjensla i lokalsamfunnet, noko som bidreg til at me står sterkare i krisesituasjonar. Stord kommune skal vera ein støttespelar og samarbeidspartnar for organisasjonane, og bidra til å gi dei trygge økonomiske rammevilkår. 

Stord Arbeidarparti vil gjennom god økonomistyring og klare prioriteringar bevara velferdskommunen og slik sikra tryggleiken til innbyggjarane i alle fasar av livet. Det er no viktig å tryggja kommuneøkonomien og ta ned investeringsnivået i kommunen. 

Stord Arbeidarparti vil at Stord skal vera eit sterkt og inkluderande regionsenter som arbeider for ei positiv og balansert samfunnsutvikling i Sunnhordland. Me vil arbeida for at kommunane i regionen saman er ein aktiv og drivande støttespelar og samarbeidspartnar for næringslivet, høgskulen, sjukehuset og andre offentlege institusjonar og tenesteytarar. Me vil ha ei positiv haldning tilfrivillig samanslåing av kommunar i regionen. 

Heile programmet kan ein lesa i .pdf nedanfor.