Medlemsmøte: Stortingsvalet og nytt partiprogram
Me får besøk av 2. kandidat Odd Harald Hovland og 4. kandidat Linda Monsen Merkesdal
Stord Arbeidarparti inviterer til medlemsmøte på Arena fredag 11. juni kl. 19. Me får besøk av Odd Harald Hovland og Linda Monsen Merkesdal som vil gje oss ei innleiing om det kommande stortingsvalet. Dei vil og gå igjennom det nye partiprogrammet som vart vedteke på landsmøte i april, med våre tre valløfter:
- Trygt arbeid til alle er jobb nummer éin- Ein sterkare velferdsstat som stiller opp for alle- Ein rettferdig klimapolitikk som kutter utslipp og skaper jobber
Det vil bli servering av pizza. Vel møtt!