Kommunestyrekandidat

Roy Sverre Amundsen

Roy Sverre Amundsen

Roy-Sverre ble født inn i arbeiderklassen på midten av 50-talet som son av ein gruvearbeider og ei dobbeltarbeidande mor.

Han kjem frå Harstad og har budd på Stord i snart 20 år. Roy-Sverre jobber som einingsleiar i Stord kommunalteknikk. Han har elles hatt leiande stillingar i Bømlo og Tysnes kommune.

Roy-Sverre brenn for å utjamne forskjellen mellom «fattig og rik» gjennom ein rettferdig fordelingspolitikk i eit samfunn utan fattigdom.

Han er opptatt av at det er samanheng mellom det ein seier og det ein gjer, og at dei sosialdemokratiske kjerneverdiane ; fridom, likskap og solidaritet skal vere avgjerande for politiske prioriteringar både lokalt og sentralt.

Stord kommune skal vere ein trygg og god plass å vokse opp i. Born og ungdom skal vere aktivt med på å forme eit inkluderande lokalmiljø basert på likeverd og respekt. Ryggraden i lokalsamfunnet er dei frivillige lag og organisasjonar. Stord Arbeiderparti skal leggje forholda til rette for eit aktivt og mangfoldig organisasjons – og kulturtilbod for alle.

Roy-Sverre er opptatt av at Arbeidarpartiet i alle samanhengar skal vere pådrivar for eit seriøst og transparent arbeidsliv utan diskriminering og sosial dumping, kor trepartsamarbeidet sin grunnleggjande intensjon gir arbeidstakarane medverknad og innverknad på alle nivå i samfunnsutviklinga.

Roy-Sverre meiner at tolking og forståing av «Berekraftig utvikling» framleis må leggje Bruntlandkommisjonen sine definisjonar, mål og visjonar til grunn for strategiar, haldningar og tiltak. Ei berekraftig samfunnsutvikling sett i eit generasjonsperspektiv gjer mellom anna vidare utbygging av vindkraft på land umogleg. Han er sterk motstandar av utbygging av vindkraft på land, og meiner at sentralpolitisk mynde må stoppe all vidare utbygging med augneblikkeleg verknad.

Jobb nummer ein er etter Roy-Sverre si meining å gjere Stord og Sunnhordland til ein attraktiv plass å bu og arbeide. Vinnarane i dagens samfunnsutvikling er dei som klarer å skape attraktive lokalsamfunn med tilflytting og befolkningsauke. Stord må vere bevisst si rolle og sitt ansvar som regionsenter og ta vare på dei noverande industrielle konkurransefortrinna, og samstundes legg til rette for industriell vekst gjennom nyskaping og innovasjon. Stord kommune må ta ein sterkare og meir offensiv «posisjon» i identitets – og omdømebygginga. Ein posisjon som inviterer til interkommunalt samarbeid og regional samhandling.

Godt val !